Norge er eit godt land å bu i for dei fleste av oss. Men det er viktig å ikkje gløyme at det framleis er mange som lever liv som ikkje er fullt så gode. Eg tenkjer mellom anna på dei som slit med rus eller sjukdom, dei som har svært låge inntekter eller dei som lever i prostitusjon.
Eg kjem til å fokusere litt på prostitusjon i dette blogginnlegget.
ProSenteret er ei god kjelde dersom du ønskjer å lese meir om prostitusjon i Norge.
Der finn eg mellom anna ein fersk rapport skriven av Bjørg Norli som heiter "En kartlegging av norske kvinner i prostitusjon."
I ei karlegging, som Justis- og politidepartementet gjorde i samband med at Stortinget vedtok å kriminalisere kjøp av seksuelle tenester i november 2008, kjem det fram at eit nøkternt estimat er at det er rundt 3000 ulike personar som sel seksuelle tenester på innemarknaden og i gateprostitusjon i løpet av eit år.
Tradisjonelt har det vore etnisk norske kvinner som har seld sex på gata i Norge. I åra fram mot tusenårsskiftet var det i hovudsak norske rusavhengige kvinner som hadde gata som sin prostitusjonsarena. Dette endra seg radikalt når dei utanlandske kvinnene dukka opp på strøket. I 2002 var andelen utanlandske kvinner på strøket auka til 27% og fleire nasjonalitetar var komme til.
Prostitusjon skjer i hovudsak på to arenaer i Norge. Vi har gateprostitusjon som er særprega ved at kontakt mellom kjøpar og seljar skjer i det offentlege rommet. Så har vi innemarknaden som er kjenneteikna ved at alle avtalar om kjøp og salg skjer ein annan stad enn i det offentlege rommet. I Norge er prostitusjon frå leiligheiter, massasjeinstitutt og omreisande prostitusjon dei mest vanlege prostitusjonsformene på innemarknaden.
ProSenteret har i fleire år drive si eiga helseteneste som består av lege, jordmor og sjukepleiarar. Dette har vore eit lågterskeltilbod til kvinner og menn med prostitusjonserfaringar.
Regjeringa bevilgar no 10 millionar kroner til tiltak og prosjekt som kan betre situasjonen for prostituerte og hjelpe kvinner og menn ut av prostitusjon.
Les meir på Arbeidarpartiet sine nettsider: Sosiale tiltak for prostituerte.
Justisminister Knut Storberget seier:
Hjelpetiltakene evner å ta fatt i de utfordringer som innføringen av forbudet mot kjøp av sex gir personer i prostitusjon, både ved å videreutvikle tradisjonelle tiltak og å tenke nytt.
Dette synes eg er bra! Mange av dei prostituerte ønskjer seg ut av prostitusjonen og treng hjelp for å greie det. Derfor er det bra at den raudgrøne regjeringa strekkjer ut ei hjelpande hand til desse menneska.
Jeg vil også bevare Hardanger
52 minutter siden
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar