tirsdag 27. desember 2011

Avisene blir dårlegare.

Avisene blir dårlegare og dårlegare.  Det trur eg ikkje det kan vere tvil om.  Ta til dømes avisa Firda.  Bileta blir større og større, og det blir mindre og mindre tekst.  Eg er heilt sikker på at det har samanheng med knappe ressursar.  Men kor dårleg skal ei avis bli før ein meiner at ein ikkje får det produktet ein betaler for?  Akkurat når det gjeld Firda så er det lokalavisa mi.  Eg føler at eg må ha den for å følgje litt med på det som skjer lokalt.  Men kvifor kostar abonnementet like mykje sjølv om produktet openbart blir dårlegare?  Sjekk til dømes side 2 og 3 i Firda i dag, 27.12.2011.  Over 90% er bilete.  Det kostar nok mindre ressursar å berre slenge inn nokre bilete for å fylle sida.

I Bergens Tidende i dag er 13 av dei totalt 64 sidene heilsider med reklame.  I tillegg er det tre sider der reklamen dekkar så godt som heile avissida.  På toppen kjem mindre reklameflater rundt om kring i heile avisa.  Eg likar ikkje reklame.  Det er ikkje reklame eg kjøper når eg betaler for abonnementet mitt. Faktisk så provoserer det meg litt at Bergens Tidende trykkjer på med all denne reklamen.

For det er slett ikkje berre reklamen som er trykt på sidene inne i sjølve avisa vi får.  Svært ofte er det og lagt inn eigne reklamepublikasjonar i avisa.  No må snart nok vere nok.

Kor stor del av Bergens Tidende er reklame?  I dag, tysdag 27.12.2011, består avisa av 64 sider.  13 heilsider med reklame utgjer rundt 20% av avisa.  Tek vi med resten og, så nærmar vi oss nok det faktum at ca ein tredel av avisa (30%) er rein reklame.  Innputt-reklamen kjem utanom.  No må snart nok vere nok.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar