onsdag 7. desember 2011

Kommunar innfører lokal kontantstøtte. Det er dårleg oppvekstpolitikk.

Den siste tida har vi høyrt at fleire kommunar no innfører lokal kontantstøtte.  Ein kan undre seg litt på kva som ligg bak.  Det kjem fram at kommunane kjem til å spare pengar på dette.  Men det kan vel ikkje vere heile motivet?  Dette er ein politikk som er i strid med den politikken regjeringa har.  Regjeringa vil kutte kontantstøtta for 2-åringar neste år. 

Det er eit politisk mål for regjeringa at flest muleg barn skal ha mulegheit til å gå i barnehage, fordi regjeringa meiner at dette er det beste for barnet, for familiane og for samfunnsøkonomien.  Når regjeringa vil kutte kontantstøtta for 2-åringar så har den eit godt grunnlag for å gjere dette.  Det er påvist at kontantstøtte kan ha fleire uheldige konsekvensar.  Fleire offentlege utval tilrår at kontantstøtta blir fasa ut eller avvikla.  Kontantstøtte kan bidra til å halde kvinner utanfor arbeidslivet og vere eit hinder for integrering og likestilling.

Fordelingsutvalget (NOU 2009: 10 Fordelingsutvalget) peikar på at kontantstøtta kan bidra til at barn som kan ha stort læringsmessig utbytte av barnehagen ikkje går i barnehage.  Slik fungerer kontantstøtta som eit hinder mot å gje alle barn like mulegheiter.

Østbergutvalget (NOU 2010: 7 Mangfold og mestring) meiner at alle barn skal ha likeverdige mulegheiter til å delta i meiningsfulle aktivitetar i fellesskap med barn i same alder, slik at alle barn får utvikle ferdigheitene sine, inkludert språkferdigheiter.  Utvalet meiner at dette oppnår ein best ved deltaking i eit godt barnehagetilbod.

Brochmannutvalget (NOU 2011: 7 Velferd og migrasjon) trekkjer fram at innvandrarkvinner er overrepresentert blant kontantstøttebrukarane.  Det betyr lågare yrkesdeltaking blant kvinner i enkelte innvandrargrupper.  Det betyr og at barn av innvandrarforeldre i mindre grad går i barnehage, sjølv om barnehage vil vere eit viktig tilbod for denne gruppa barn, særleg med tanke på språkopplæring.

Arbeiderpartiet meiner at utbygging av barnehagetilbodet, reduserte barnehageprisar, utvida foreldrepermisjon og småbarnstillegg i barnetrygda er betre tilbod til barnefamiliane enn vidareføring av kontantstøtta.

Her kan du lese meir om kva Arbeiderpartiet meiner om kontantstøtte: Kontantstøtte.


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar