onsdag 11. januar 2012

Folkerøystingar kan vere problematisk.

Måndag 09.januar 2012 var det rådgjevande folkerøysting i Solund kommune i Sogn og Fjordane.  Spørsmålet var om kommunen skal gå inn for utbygging av vindkraft i kommunen.

Mange har stor sans for å nytte folkerøystingar til å avgjere viktige politiske spørsmål.   Folkerøystingar kan sjåast på som eit direkte demokrati, der borgarane uttaler seg direkte om konkrete saker.

 Framstegspartiet har veldig sans for folkerøystingar.  Dette står å lese i partiet sitt prinsipp-program for perioden 2009-2013:
"Fremskrittspartiet ser svakheter ved vårt demokrati. Det bør derfor innføres et system der velgerne, gjennom folkeavstemninger, får direkte avgjørende beslutningsrett.
Våre representanter skal alltid følge resultatet av en folkeavstemning."

Alle moderne demokrati er indirekte demokrati.  Det betyr at borgarane ikkje uttaler seg direkte om enkeltsaker, men veljer representantar som tek konkrete saksstandpunkt for borgarane.  I "Store norske leksikon" på nettet står følgjande: I de fleste demokratier er det bare aktuelt med folkeavstemning i nasjonalt viktige saker og i saker hvor det er grunn til å anta at det er en viss avstand mellom borgernes og de valgte representanters oppfatning.

Så kvifor veljer dei å avhalde folkerøysting i Solund?  Eg har mine tankar om dette.  Det kan vere slik at politikarane frykta å ta eit standpunkt som kunne vere lite populært. Kanskje var politikarane redde for å ta ansvar i denne saka, som jo er kontroversiell.  Men er ikkje det litt feigt av politikarane?  Håpet deira var kanskje at ei folkerøysting ville gjere det lettare for politikarane.

Men slik vart det ikkje i Solund.  Politikarane fekk saka tilbake i fanget.  Folkerøystinga viste tilnærma daudt løp mellom tilhengjarar og motstandarar.  Det vart eit knapt nei-fleirtal i vindkraftavrøystinga.  Politikarane fekk ikkje eit klart mandat frå folket hverken om positivt eller negativt vedtak i saka.  Og her kjem det problematiske med folkerøystingar inn.  Kva gjer politikarane i Solund med saka no?

Det kan vere interessant å sjå på samansetninga i kommunestyret i Solund.  Høgre har fem representantar i kommunestyret. Ordføraren har signalisert at han er positiv.  Ordføraren har vel dessutan dobbelstemme.  Det betyr at Høgre-gruppa truleg kjem til å stemme for.  Framstegsparteit er nøydt til å godta resultatet av folkerøystinga, sidan det står klart i prinsipp-programmet at representantane alltid skal følgje resultatet av ei folkerøysting.  Slik eg har forstått det er Senterpartiet klare motstandarar av vindkraftutbygginga.  Det betyr truleg seks klare nei-stemmer i kommunestyret som har totalt 15 representantar.  Då er spenninga kva Arbeiderpartiet og Politisk uavhengig liste i Solund stemmer.  Dei to Arbeiderpartiet-representantane bør stemme for, slik eg ser det.  Då er fleirtalet for positivt vedtak sikra.

Dersom ordførar Krakhellen er inhabil, så vil varaordføraren frå Frp ha dobbelrøyst.  Det betyr i så fall sju klare nei-stemmer.






0 kommentarer:

Legg inn en kommentar