Haldor Fosse frå Os skriv fint om kommunesamanslåingar i Bergens Tidende onsdag 18.januar 2012. Tittelen på debatt-innlegget er "Fordi vi fortener det!"
Han skriv at den kommunestrukturen vi har i dag er frå 1964. Grunnlaget for endringane som kom den gongen var endringar i teknologi, kommunane sine oppgåver og infrastruktur. Endringar innanfor desse områda har slett ikkje vore mindre frå 1964 og fram til i dag. Fosse meiner at tida er overmogen for ein reform. Eg er heilt einig med han i det.
I debatten om endringar i kommunestrukteren diskuterer ein i kor stor grad dei nasjonale politikarane skal presse på for å få kommunar til å slå seg saman. Tvang eller frivilleg kommunesamanslåing. Det som i alle fall er heilt klart er at noko må gjerast. For lite skjer.
Fosse seier det slik: "Kommunestruktur bør ikkje avgjerast av folk som har særinteresser i å oppretthalde status quo." Det er ei nasjonal oppgåve å syta for at kommunestrukturen er tilpassa dei oppgåvene som kommunane skal løyse, skriv Fosse. Staten må ta ansvaret. Fosse har sjølv bakgrunn som kommunepolitikar, og han er redd for at lokalpolitikarane ikkje maktar å sjå ut over sine eigne snevre grenser. Eg har sjølv bakgrunn som lokalpolitikar, og har tenkt lignande tankar. Ein møter ei lunken haldning når ein prøver å bringe temaet på bana.
Men det er ein annan viktig grunn til at det skjer lite på dette området og. Den heiter Senterpartiet. Med det same vi ser antydningar til debatt om dette temaet er Senterpartiet raske på bana med forsvar for det beståande. Typisk Senterpartiet, vil eg seie. Senterpartiet greier slett ikkje å sjå fordelane med større kommunar. Dei jobbar aktivt mot ei stor kommunestruktur-reform. Slik eg ser det er Senterpartiet det aller største hinderet mot større kommunar og betre tenester for folk.
I mai 2012 skreiv eg om same tema: Er Naustdal kommune for liten?
God høyrepolitikk!
SvarSlettStå på!
Håkon