søndag 8. januar 2012

Slik skriv ein ekte sjukehusaksjonist.

Janne Endal Andresson, ei mor frå Nordjord, skriv som ein ekte aksjonist: 

"Erfaringane frå romjula med stengd fødeavdeling gav oss ein skremmande forsmak på kor utrygge og hjelpeslause folk i Nordfjord vil bli etter sommaren når fødeavdelinga er lagt ned.  Legar som har jobba i U-land beskreiv tilstanden i Nordfjord desse juledagane som verre."

Det er og viktig å ta med at små sjukehus, som det på Eid, kan vere svært sårbare.  Vi har jo sett at fødeavdelinga har blitt stengt i fleire dagar på grunn av sjukdom.  Eg synes dette høyrer med i bilete.  Sjukehusaksjonistane framstiller berre ein liten del av bilete.  Dei driv einsidig propaganda.


Fødeavdeling slått ut av sjukdom.

Kva tryggleik får fødande kvinner i Nordfjord når dei aldri veit kor tid fødeavdelinga må stenge på grunn av sjuke gynekologar?  Kva hjelper det å ha kort veg til fødeavdelinga når dei faktisk kan risikere å komme til stengt dør?







1 kommentarer:

  1. Tja - nasjonalt er det slik at om man f.eks. får hjerneblødning skjærtorsdag så må man vente helt til tirsdagen med å få legeundersøkelse.

    Det er kanskje ikke så smart med tanke på hvor mye ekstra det koster i opptrening, eller kanskje skader eller død.

    Når det gjelder fødsler så tror jeg jentene slipper å knipe igjen i flere dager. Omleggingen gjør at de får et annet sykehus å dra til. Med større kapasitet og større fagmiljø. Litt lenger vei, men ikke flere dagers reisevei.

    Håkon Bruusgaard

    SvarSlett