fredag 27. januar 2012

U-864: Politikarar på tynn is!

Eg har nyleg lese ein Nansen-biografi.  Det var ei fin og lærerik oppleving.  Eg har sansen for Nansen.  Ein av tinga eg beit meg merke i var at Fridtjof Nansen var svært lite glad i politikarar.  Han meinte at dei som var politikarar i Noreg på den tida alt for ofte sette til side tydelege faglege råd og anbefalingar,  og i staden gjorde vedtak som gjekk på tvers av desse.  Eg må seie at eg har hatt liknande tankar sjølv mange gonger.  Kvifor gjer politikarane så ofte vedtak som er i strid med dei fagleg råda dei får?  No er det vel dette som er politikk.  Men likevel meiner eg det blir feil.  Det er kanskje difor eg aldri vart nokon god politikar.

Eg har lyst til å trekkje fram nokre aktuelle døme frå notida.

Først til U-864, ubåtvraket som ligg på havbotnen utanfor Fedje kommune i Hordaland med store mengder kvikksølv ombord.  No er det ikkje gjort endelege politiske vedtak i denne saka, men presset på politikarane for å gjere vedtak som er i strid med dei faglege anbefalingane er sterkt og vedvarande.  Ikkje minst frå ordføraren på Fedje, men og frå mange andre politikarar.  Den som har markert seg sterkast er kanskje Hordaland sin stortingsmann Arne Sortevik frå Framstegspartiet.   Sortevik er skråsikker på at heving av ubåtvraket er det einaste rette.  Eg forstår godt at Sortevik har dette standpunktet.  Fordi det stemmer heilt med det folket meiner.  Men ekspertane meiner altså noko anna.

Onsdag kom det ein rapport som viser at konsulentane i Metier og Møreforsking støttar Kystverket sine anbefalingar om at tildekking av ubåtvraket er den sikraste løysinga på kvikksølvproblemet.

Eg har ei viss forståing for at folk flest kanskje ikkje greier å sjå heile bilete, dette er kompliserte problemstillingar.  Men eg stiller meg langt meir undrande til at ansvarlege politikarar er villige til å risikere å øydeleggje miljøet ved å knallhardt kreve det som er ein svært risikabel hevingsoperasjon. Dersom alt kvikksølvet lek ut under heving er katastrofa eit faktum.  Frp-mannen Sortevik, og andre, er her på ville vegar slik eg ser det.  Bergens Tidende skriv om denne saka torsdag 26.januar 2012.  Dette seier ordførar på Fedje, Kristin Handeland (Ap), til avisa: "Nå har ekspertene kommet med sine faglige innspill.  Nå må politikerne ta de politiske spørsmålene, og da får vi håpe på en mer fornuftig løsning." Eg må seie at eg lurar veldig på korleis ein kan stemple alle dei faglege råda frå ekspertar som ufornuftige.  Eg blir skeptisk når politikarar på denne måten hevar seg over faglege anbefalingar.

Andre ferske døme på politikarar som hever seg over faglege anbefalingar finst og.  Eg tenkjer på Liv Signe Navarsete og Senterpartiet og lokalsjukehus.  Helsedirektoratet kom med klare og fagleg funderte anbefalingar om korleis vi bør byggje framtidas fødetenester i Noreg.  Navarsete gjekk langt i å kalle desse faglege råda frå direktoratet for utidig innblanding.  Slik eg ser det, blir det farleg når Senterpartiet på denne måten blandar saman helsepolitikk og distriktspolitikk.  Det blir viktigare å ha mange små sjukehus enn å ha god kvalitet på tenestene.

Eg har eit døme til som går på lokalsjukehus.  Sogn og Fjordane Arbeiderparti gjekk inn for å frede alle lokalsjukehusa.  Dette vedtaket gjer dei altså sjølv om det er tydelege råd frå sentrale helsemyndigheiter om at for små fødeavdelingar, til dømes, har utfordringar.  Knytt til få fødslar og problem med å rekruttere fagfolk.  Nok eit døme på politikarar som tek lett på faglege anbefalingar, slik eg ser det.




0 kommentarer:

Legg inn en kommentar