Eg har nyleg lese ein Nansen-biografi. Det var ei fin og lærerik oppleving. Eg har sansen for Nansen. Ein av tinga eg beit meg merke i var at Fridtjof Nansen var svært lite glad i politikarar. Han meinte at dei som var politikarar i Noreg på den tida alt for ofte sette til side tydelege faglege råd og anbefalingar, og i staden gjorde vedtak som gjekk på tvers av desse. Eg må seie at eg har hatt liknande tankar sjølv mange gonger. Kvifor gjer politikarane så ofte vedtak som er i strid med dei fagleg råda dei får? No er det vel dette som er politikk. Men likevel meiner eg det blir feil. Det er kanskje difor eg aldri vart nokon god politikar.
Eg har lyst til å trekkje fram nokre aktuelle døme frå notida.
Først til U-864, ubåtvraket som ligg på havbotnen utanfor Fedje kommune i Hordaland med store mengder kvikksølv ombord. No er det ikkje gjort endelege politiske vedtak i denne saka, men presset på politikarane for å gjere vedtak som er i strid med dei faglege anbefalingane er sterkt og vedvarande. Ikkje minst frå ordføraren på Fedje, men og frå mange andre politikarar. Den som har markert seg sterkast er kanskje Hordaland sin stortingsmann Arne Sortevik frå Framstegspartiet. Sortevik er skråsikker på at heving av ubåtvraket er det einaste rette. Eg forstår godt at Sortevik har dette standpunktet. Fordi det stemmer heilt med det folket meiner. Men ekspertane meiner altså noko anna.
Onsdag kom det ein rapport som viser at konsulentane i Metier og Møreforsking støttar Kystverket sine anbefalingar om at tildekking av ubåtvraket er den sikraste løysinga på kvikksølvproblemet.
Eg har ei viss forståing for at folk flest kanskje ikkje greier å sjå heile bilete, dette er kompliserte problemstillingar. Men eg stiller meg langt meir undrande til at ansvarlege politikarar er villige til å risikere å øydeleggje miljøet ved å knallhardt kreve det som er ein svært risikabel hevingsoperasjon. Dersom alt kvikksølvet lek ut under heving er katastrofa eit faktum. Frp-mannen Sortevik, og andre, er her på ville vegar slik eg ser det. Bergens Tidende skriv om denne saka torsdag 26.januar 2012. Dette seier ordførar på Fedje, Kristin Handeland (Ap), til avisa: "Nå har ekspertene kommet med sine faglige innspill. Nå må politikerne ta de politiske spørsmålene, og da får vi håpe på en mer fornuftig løsning." Eg må seie at eg lurar veldig på korleis ein kan stemple alle dei faglege råda frå ekspertar som ufornuftige. Eg blir skeptisk når politikarar på denne måten hevar seg over faglege anbefalingar.
Andre ferske døme på politikarar som hever seg over faglege anbefalingar finst og. Eg tenkjer på Liv Signe Navarsete og Senterpartiet og lokalsjukehus. Helsedirektoratet kom med klare og fagleg funderte anbefalingar om korleis vi bør byggje framtidas fødetenester i Noreg. Navarsete gjekk langt i å kalle desse faglege råda frå direktoratet for utidig innblanding. Slik eg ser det, blir det farleg når Senterpartiet på denne måten blandar saman helsepolitikk og distriktspolitikk. Det blir viktigare å ha mange små sjukehus enn å ha god kvalitet på tenestene.
Eg har eit døme til som går på lokalsjukehus. Sogn og Fjordane Arbeiderparti gjekk inn for å frede alle lokalsjukehusa. Dette vedtaket gjer dei altså sjølv om det er tydelege råd frå sentrale helsemyndigheiter om at for små fødeavdelingar, til dømes, har utfordringar. Knytt til få fødslar og problem med å rekruttere fagfolk. Nok eit døme på politikarar som tek lett på faglege anbefalingar, slik eg ser det.
Slik eg ser det.
fredag 27. januar 2012
U-864: Politikarar på tynn is!
Etiketter:
arbeiderpartiet,
frp,
nansen,
politikarforakt,
politikere,
senterpartiet,
sortevik,
u-864
| Reaksjoner: |
torsdag 26. januar 2012
Kommentar til Clemet sin tekst om nynorsk.
Kristin Clemet har skrive om nynorsk: Nynorsk som hovedmål.
Eg prøvde å skrive nokre kommentarar på bloggen, men fekk melding om at eg ikkje hadde tilgang til det. Clemet orkar kanskje ikkje kommentarar frå kven som helst. Difor legg eg kommentaren min her i staden.
----***----
Her er det mye som skurrer.
Du mener at nynorsk og bokmål skal være likestilt i Norge. Hvordan kan du da akseptere at undervisningen og fokuset på nynorsken svekkes? Nynorsken sliter i tung motbakke, og trenger mer fokus. Ikke mindre, om man virkelig mener at de to målformene skal være likestilte. Dersom man mener at nynorsken ikke skal være likestilt med bokmål i Norge bør man være så ærlige at man sier det rett ut og jobbe for det. I stedet for å stadig komme snikende med små stikk mot nynorsken. Når man snakker så fint om likestilling og samtidig jobber for å svekke nynorsken skurrer det kraftig.
Det må prioriteres sier du. Du mener tydligvis at nynorsk er det minst viktige, den kan prioriteres ned. Hvordan kan du samtidig mene at nynorsk og bokmål skal være likestilte? Jeg vil tro at det er andre ting som ligger i norskfaget som med fordel kan prioriteres bort før man tar nynorsken? Les gjerne hva leder i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, skriver om nynorsk: "Et forsvar for spynorsken.
Så reagerer jeg litt på en påstand du kommer med. At lese- og skriveferdighetene er svakest blant dem som har nynorsk som hovedmål. Hvor tar du dette fra? Kan du dokumentere denne påstanden?
Til slutt, du skriver at holdningene til nynorsk er et problem i seg selv. Hvorfor ikke da heller bidra til å skape positive holdninger til nynorsk i stedet for å drive å snakke ned nynorsken? At det har utviklet seg negative holdninger til nynorsk er slett ikke et argument for å nedprioritere språket. Det er heller et argument for det motsatte.

onsdag 25. januar 2012
Regjeringa sviktar nynorsken.
Det kjem no tankar frå regjeringa om endringar som vil svekke nynorsken. Det er det siste nynorsken treng. Den slit alt i tung motbakke.
For ein politikar er det viktigare å vere populær enn å verne om det norske språket. Når stemninga mot nynorsk blir meir og meir negativ, snur politikarane kappa etter vinden. Politikarane er livredde for å ikkje få mange nok stemmer ved neste val. Dette omsynet er avgjerande for dei aller fleste politikarar.
Kvifor skal regjeringa bry seg om eit relativt lite antal nynorskveljarar? Det er ikkje nynorskveljarane som avgjer val. Det betyr truleg lite for regjeringa om alle nynorskveljarar snur ryggen til regjeringspartia. Men dersom regjeringa svekkar nynorsken endå meir er det svært negativt for norskfaget. Tilgi dei ikkje, dei veit kva dei gjer.
Vi kan ikkje stole på den raudgrøne regjeringa heller når det kjem til nynorsk. I dag er det ingen parti på Stortinget eg har lyst til å stemme på.

mandag 23. januar 2012
Politikarane har svikta. Resultatet er fatalt.
Politikarane i Bergen har svikta totalt. Eg tenkjer på det enorme forfallet ved skulane i kommunen som no blir løfta fram i det offentlege av Bergens Tidende. Ved nokre skuler er tilstanden så dårleg at det er helsefarleg for elevar og tilsette å opphalde seg der. Skulane er difor stengt.
Kvifor maktar ikkje dei ansvarlege å vedlikehalde skulane? Korleis i alle dagar kan ein forsømme eit så viktig område over så mange år? Eg har lese at manglande vedlikehald har vore eit problem i ti år!
Det er ikkje noko nytt at politikarar sviktar. Dei likar nok langt betre å setje opp nye bygg, bevilge pengar til nokre monoment som kan stå att etter dei når dei ein dag blir kasta på hovudet ut av politikken. Politikarane ser ut til å leve i den tru at dette er med på å sikre dei attval. Dette framstår som det aller viktigaste målet for ein politikar, attval. Dei fleste andre omsyn ser ut til å vere underordna dette målet. Då må ein gjere vedtak som er populære, og som visar att. Gjerne og i media. Sjølvsagt er det langt meir sexy å bevilge pengar til ein ny og flott skule enn å bevilge pengar til naudsynt vedlikehald. Men det som er lite sexy kan likevel vere svært viktig. Sjølv om ein ikkje får merksemd i media. Her er det politikarane sviktar.
Vi ser til ei viss grad det same på veg. Etterslepet på vedlikehald er stort mange stader. Sjølvsagt synes politikarane at det er mykje meir stas å opne nye vegar enn å betale for å vedlikehalde gamle. Ikkje bra.
Men kva er eigentleg totalkostnaden ved å la eit bygg forfalle på denne måten? Ved jevnt vedlikehald kunne kanskje bygget hatt ei langt lengre levetid? I så fall brukar politikarane fellesskapet sine pengar på ein svært dårleg måte. Og det bør få konsekvensar for desse politikarane. Dei har svikta totalt, og bør får seg ein ny jobb, eventuelt lese denne teksten og ta inn over seg kva ansvar dei faktisk har for å vedlikehalde kommunen sin byggningsmasse.

torsdag 19. januar 2012
Lokalpolitikarar tek sjeldan initiativ til kommunesamanslåingar.
Haldor Fosse frå Os skriv fint om kommunesamanslåingar i Bergens Tidende onsdag 18.januar 2012. Tittelen på debatt-innlegget er "Fordi vi fortener det!"
Han skriv at den kommunestrukturen vi har i dag er frå 1964. Grunnlaget for endringane som kom den gongen var endringar i teknologi, kommunane sine oppgåver og infrastruktur. Endringar innanfor desse områda har slett ikkje vore mindre frå 1964 og fram til i dag. Fosse meiner at tida er overmogen for ein reform. Eg er heilt einig med han i det.
I debatten om endringar i kommunestrukteren diskuterer ein i kor stor grad dei nasjonale politikarane skal presse på for å få kommunar til å slå seg saman. Tvang eller frivilleg kommunesamanslåing. Det som i alle fall er heilt klart er at noko må gjerast. For lite skjer.
Fosse seier det slik: "Kommunestruktur bør ikkje avgjerast av folk som har særinteresser i å oppretthalde status quo." Det er ei nasjonal oppgåve å syta for at kommunestrukturen er tilpassa dei oppgåvene som kommunane skal løyse, skriv Fosse. Staten må ta ansvaret. Fosse har sjølv bakgrunn som kommunepolitikar, og han er redd for at lokalpolitikarane ikkje maktar å sjå ut over sine eigne snevre grenser. Eg har sjølv bakgrunn som lokalpolitikar, og har tenkt lignande tankar. Ein møter ei lunken haldning når ein prøver å bringe temaet på bana.
Men det er ein annan viktig grunn til at det skjer lite på dette området og. Den heiter Senterpartiet. Med det same vi ser antydningar til debatt om dette temaet er Senterpartiet raske på bana med forsvar for det beståande. Typisk Senterpartiet, vil eg seie. Senterpartiet greier slett ikkje å sjå fordelane med større kommunar. Dei jobbar aktivt mot ei stor kommunestruktur-reform. Slik eg ser det er Senterpartiet det aller største hinderet mot større kommunar og betre tenester for folk.
I mai 2012 skreiv eg om same tema: Er Naustdal kommune for liten?

kommunesamanslåing,
senterpartiet
| Reaksjoner: |
onsdag 11. januar 2012
Folkerøystingar kan vere problematisk.
Måndag 09.januar 2012 var det rådgjevande folkerøysting i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var om kommunen skal gå inn for utbygging av vindkraft i kommunen.
Mange har stor sans for å nytte folkerøystingar til å avgjere viktige politiske spørsmål. Folkerøystingar kan sjåast på som eit direkte demokrati, der borgarane uttaler seg direkte om konkrete saker.
Framstegspartiet har veldig sans for folkerøystingar. Dette står å lese i partiet sitt prinsipp-program for perioden 2009-2013:
"Fremskrittspartiet ser svakheter ved vårt demokrati. Det bør derfor innføres et system der velgerne, gjennom folkeavstemninger, får direkte avgjørende beslutningsrett.
Våre representanter skal alltid følge resultatet av en folkeavstemning."
Alle moderne demokrati er indirekte demokrati. Det betyr at borgarane ikkje uttaler seg direkte om enkeltsaker, men veljer representantar som tek konkrete saksstandpunkt for borgarane. I "Store norske leksikon" på nettet står følgjande: I de fleste demokratier er det bare aktuelt med folkeavstemning i nasjonalt viktige saker og i saker hvor det er grunn til å anta at det er en viss avstand mellom borgernes og de valgte representanters oppfatning.
Så kvifor veljer dei å avhalde folkerøysting i Solund? Eg har mine tankar om dette. Det kan vere slik at politikarane frykta å ta eit standpunkt som kunne vere lite populært. Kanskje var politikarane redde for å ta ansvar i denne saka, som jo er kontroversiell. Men er ikkje det litt feigt av politikarane? Håpet deira var kanskje at ei folkerøysting ville gjere det lettare for politikarane.
Men slik vart det ikkje i Solund. Politikarane fekk saka tilbake i fanget. Folkerøystinga viste tilnærma daudt løp mellom tilhengjarar og motstandarar. Det vart eit knapt nei-fleirtal i vindkraftavrøystinga. Politikarane fekk ikkje eit klart mandat frå folket hverken om positivt eller negativt vedtak i saka. Og her kjem det problematiske med folkerøystingar inn. Kva gjer politikarane i Solund med saka no?
Det kan vere interessant å sjå på samansetninga i kommunestyret i Solund. Høgre har fem representantar i kommunestyret. Ordføraren har signalisert at han er positiv. Ordføraren har vel dessutan dobbelstemme. Det betyr at Høgre-gruppa truleg kjem til å stemme for. Framstegsparteit er nøydt til å godta resultatet av folkerøystinga, sidan det står klart i prinsipp-programmet at representantane alltid skal følgje resultatet av ei folkerøysting. Slik eg har forstått det er Senterpartiet klare motstandarar av vindkraftutbygginga. Det betyr truleg seks klare nei-stemmer i kommunestyret som har totalt 15 representantar. Då er spenninga kva Arbeiderpartiet og Politisk uavhengig liste i Solund stemmer. Dei to Arbeiderpartiet-representantane bør stemme for, slik eg ser det. Då er fleirtalet for positivt vedtak sikra.
Dersom ordførar Krakhellen er inhabil, så vil varaordføraren frå Frp ha dobbelrøyst. Det betyr i så fall sju klare nei-stemmer.

folkeavstemming,
folkerøysting,
frp,
solund
| Reaksjoner: |
søndag 8. januar 2012
Slik skriv ein ekte sjukehusaksjonist.
Janne Endal Andresson, ei mor frå Nordjord, skriv som ein ekte aksjonist:
"Erfaringane frå romjula med stengd fødeavdeling gav oss ein skremmande forsmak på kor utrygge og hjelpeslause folk i Nordfjord vil bli etter sommaren når fødeavdelinga er lagt ned. Legar som har jobba i U-land beskreiv tilstanden i Nordfjord desse juledagane som verre."
Det er og viktig å ta med at små sjukehus, som det på Eid, kan vere svært sårbare. Vi har jo sett at fødeavdelinga har blitt stengt i fleire dagar på grunn av sjukdom. Eg synes dette høyrer med i bilete. Sjukehusaksjonistane framstiller berre ein liten del av bilete. Dei driv einsidig propaganda.
Fødeavdeling slått ut av sjukdom.
Kva tryggleik får fødande kvinner i Nordfjord når dei aldri veit kor tid fødeavdelinga må stenge på grunn av sjuke gynekologar? Kva hjelper det å ha kort veg til fødeavdelinga når dei faktisk kan risikere å komme til stengt dør?

Abonner på:
Innlegg (Atom)